Gå til innhold Gå til navigasjon
Meny
 Treningstider: Tirsdag 19.00, torsdag 19.00, søndag 14.00 - alle på Niffen

Ikke Skandia, men Arvika Cup

Sist oppdatert 26.06.2014 kl.13.35

Status etter påmelding til Skandia-cupen er at det er for få til å stille to lag, men for mange til berre eitt lag... så vi er derfor nødt til å avlyse planane for tur dit.
I staden for vil vi heller prøve å få til ein tur til Arvika på cupen der 13.-15. juni.

PÅMELDING 15. FEBRUAR

Ikke Skandia, men Arvika Cup
 
Status etter påmelding til Skandia-cupen er at det er for få til å stille to lag, men for mange til berre eitt lag... så vi er derfor nødt til å avlyse planane for tur dit.
 
I staden for vil vi heller prøve å få til ein tur til Arvika på cupen der 13.-15. juni.

Dette er jo ein cup mange NIF-lag har vore med på tidlegare, og som mange (guttelag) frå NIF skal på i år også. Kanskje fint å få vise fram jentene våre her også? :=)
 
Vi ber derfor om ei ny påmelding på mail til meg, innan 15. februar. Påmeldinga er bindande.
 
Det har jo tidlegare vore kampar også fredagen på denne cupen. Eg veit at nokre andre NIF-lag ved påmelding i år har spurt om det går an å legge deira kampar til fredag ettermiddag/kveld, om mogleg, for å unngå skulefri-problematikken. Dei har vel fått beskjed om at dei skal prøve å ta hensyn til dette, etter det eg har høyrt, men at ikkje noko er heilt sikkert før kampoppsettet er klart. (Dette skal i følge nettsida kome rundt 15. mai.)
Ein må nok derfor ta høgde for at det kan måtte bli aktuelt å reise torsdag kveld.
 
Prisen vil vere på ca 1500 kr pr spelar. Dette vil inkludere påmelding, overnatting (på skule), mat, deltakarkort og evt. transport til/frå kampar.

Transport til Sverige er ikkje inkludert i dette. Vi vil kome tilbake til det. Eg veit at iallfall G-02 skal ha buss(ar) nedover, og at det kanskje kan vere plassar på den/dei. Men uansett er det nok ønskeleg at det er nokre som kan køyre bil ned, og ved behov kunne bruke desse i logistikken der nede også. Vi må kome nærmare tilbake til dette når vi ser kor mange som melder seg på.
 
På denne cupen er det  11-er-fotball for J13. Kamptider 2x20 minutt.
 
Arvika ligg ca 15 mil frå Oslo, mellom Kongsvinger og Karlstad.
 
Det er anbefalt å ikkje drøye for lenge med å booke overnatting for foreldre som ønskar å vere med. Info om dette ligg under "Turneringsinfo/Boende" på nettsida. Sjå der for øvrig informasjon også.
 
Vi beklagar at det blei litt ekstra med påmeldingar på kort tid no, men sånn blei det denne gongen. :=)

Samarbeidspartnere: