Foreldremøte for jenter 01/02 ble holdt tirsdag den 16. april 2013. Se referat fra møtet her:
REFERAT fra FORELDREMØTE J01/02 16. april 2013
Kampoppsettet for sesongen er klart. Ligg ute på nettsida.
Vilde og Frank deler jentene inn i to jevnbyrdige lag som vil vere NIF 1 og NIF 2 fram til sommarferien. Laga blir satt saman på nytt for haustsesongen.
Foran heimekampar skal jentene møte ferdig skifta ein halv time før kampstart.
Ved bortekampar må foreldre på laget avtale vedr. køyring. Eit alternativ kan vere at alle møter på Niffen og blir einige om kven som køyrer, eller at ein set opp køyrelister.
Det er vikitig å møte presis til treningane. Om nokon ikkje kan kome, vil Vilde gjerne ha beskjed med ein gong ein veit det, helst 4 timar på førehand, viss mogleg.
Nokre av Ljan-jentene syklar i lag til trening. Desse kommuniserer med Vilde/Frank og foresatte at dei er komne fram til treninga.
Det vil bli nye treningstider ved seriestart; laget får no ei fast trening i veka + kamp. Treningstidene skal bli klare innan to veker. Dei som ønskar meir trening, gir beskjed til Vilde, så er det mogleg å kunne hospitere på 2000-laget.
Treningsavgift kjem i desse dagar i posten. Det blir ikkje sendt purring frå klubben på betalinga i år. Alle må ha betalt for å kunne vere med og spele kampar. (Avgifta kan betalast i to avdrag.)
Det er fint om alle kan betale inn 300 kr til lagkassa.
Nokre jenter tullar og tøyser for mykje på treningane. Vilde tar kontakt med foreldre til dei det gjeld. Ho deler dessutan jentene opp i ulike par/grupper på treningane framover for å unngå sosiale klikkar.
Gunnar Ringheim, far til Rakel og Helena, vil vere ansvarleg for eitt lag på kampane, Frank (oppmann) vil ha ansvar for det andre.
Forslag om ein eller fleire sosiale aktivitetar før sommaren, f.eks VIF-kamp, cage-ball, overnatting på Hallager klubbhus, mødrekamp. Elin, sosialt ansvarlig, vil ha ansvar for dette.
Lagdugnad, kan det vere aktuelt? Lotteri, salg, pante flasker etc.
Det er fotballskule i veke 26 og 33. Madeleine sjekkar vedr. inndeling av årskull. Påmelding er opna.
Det vil bli sendt ut mail om ein cup i juni på Bøler, og det blir minst ein også til hausten. Klubben dekkar to cupar, men ikkje Norway Cup.
Dei jentene som skal vere med på Norway Cup, gledar seg veldig. Det er 14 stykker som er med der.
Referent: Sølvi